Skip to the content

Dato: 11.02.2023

Tid: 18.00 - 19.15

Stad: Zinken hopp

Hagesalongen

I live-podkasten Hagesalongen blir aktuelle litteraturdebattar, bøker og andre hendingar i Noregs litterære liv diskutert. No flyttar salongen til festivalkafeen i Zinken Hopp, for ei spesialutgåve om kritikk og raseri. Er den rasande kritikaren eigentleg ein myte? Kva har vore dei mest raudglødande litteraturdebattane gjennom historia? Og kven av dagens forfattarar er mest tilbøyelege til å gå i strupen på bokmeldaren?

Hagesalongens faste programleiarar er kritikar og professor Erik Bjerck Hagen, og kritikar og stipendiat, Erlend Liisberg. Saman med forskjellige gjester frå festivalprogrammet vil dei på vanleg, uformelt og småfrekt vis, nærme seg festivalens hovudtema.

Del Innhald