Dato: 11.02.2023
Tid: 16.30 - 17.15
Stad: Alver
Pris: 190/80 (student)
Opprør frå grasrota
Kva for moglegheiter har vanlege folk til å opponere mot undertrykkande lover og reglar? Den sørafrikanske forfattaren og forskaren Richard Conyngham sin grafiske roman All Rise: Resistance and Rebellion in South Africa 1910–1948 gir glimt av raseri og opprør i Sør-Afrika før staten gjekk over til det rasistiske apartheidregimet. I samtale med professor i journalistikk Kristin Skare Orgeret vil Conyngham diskutere korleis han avdekte desse ukjende forteljingane i sørafrikanske rettsdokument. Dei to vil også snakke om Conyngham sitt uvanlege val av medium – den grafiske romanen – og om det nære samarbeidet hans med seks sørafrikanske kunstnarar og illustratørar.
Samtalen vil vere på engelsk.