
Dato: 09.02.2023
Tid: 19:00 - 19:45
Stad: Auditoriet
Pris: 190/80 (student)
Liv i limbo
Romanen El juramento del Gurugú (The Gurugu Pledge) handlar om afrikanske flyktningar som sit fast i den spanske enklaven Gurugu i Marokko og håper å komme seg til Europa. Kvar av dei har sin eigen personlege grunn for å komme seg unna. Situasjonen deira speglar att ekvatorialguineanaren Juan Tomás Ávila Laurel sin eigen situasjon: Han blei sjølv tvinga ut av Ekvatorial-Guinea etter ein sveltestreik og søkte så tilflukt i Spania, den tidlegare kolonimakta. Ávila Laurel møter journalist Helene Hovden Hareide for å reflektere over forteljinga som gav inspirasjon til romanen, og hans eiga historie som eit menneske i limbo.
Samtalen vil vere på spansk, tolka til engelsk. Det blir tid til spørsmål frå salen etterpå.