Skip to the content
Heidi Furre

Dato: 10.02.2023

Tid: 12.00 - 12.20

Stad: Bergen Kunsthall

Kvenske dikt i Kunsthallen

Kven er kvenene, og kva er kvensk litteratur? Dei siste åra har det blitt eit større medvit om det kvenske. Diktsamlinga Hjerteskog, med undertittelen Kvenske dikt, er debuten til M. Seppola Simonsen og eit nybrottsarbeid om kvensk språk og identitet, natur og tap. 

Fredag 10. februar vil Simonsen lese frå samlinga i Bergen Kunsthall. Bruk høvet til få ein annleis lunsjpause og til å få med deg utstillingane i Bergen Kunsthall.

I samarbeid med Bergen Kunsthall.

Del Innhald