Dato: 10.02.2023
Tid: 18.00 - 19.00
Stad: Auditoriet
Pris: 190/80 (student)
Kva er litterær kvalitet?
Kva ser internasjonale festivalar etter når dei inviterer forfattarar og kunstnarar til programma sine? Korleis vel internasjonale litterære juryar vinnarar, og kva ser forlag etter i nye forfattarar? Har synet på kva litterær kvalitet er, endra seg dei siste fem åra?
Sjef for den internasjonale bokfestivalen i Edinburgh, Nick Barley, festivalsjef og forleggar Lola Shoneyin i Aké Arts and Books og Ouida Books i Nigeria og direktør for Windham Campbell Prizes, Michael Kelleher, møter professor i nordisk Eirik Vassenden til diskusjon.
Samtalen vil vere på engelsk.