Skip to the content

Dato: 11.02.2023

Tid: 15.00 - 15.40

Stad: Bergen Offentlige Bibliotek

Pris: Påmelding

Kjøp Billettar

Konsert med Martin Hazy

Martin Hazy er kanskje best kjend frå raptrioen Dårlig Vane, som med mega-hiten "Gikk I Bakken" sparka inn dørene for NMG-gjengens tredje generasjon. Med sitt soloprosjekt beviser Hazy at han at han kan stå minst like stødig på eigne bein, og briljerer med ein rapteknikk, energi og eit nærvær på scena, som andre berre kan drøyme om. Debutalbumet «Oppkjørt & Nedkjølt» blei motteke med stor begeistring av både presse og undergrunn, og kom på Bergens Tidende si liste over dei ti beste albuma frå Bergen i 2018. Dei skreiv: «Årets hardeste, tidigste og mest breiale rapalbum. Martin Hazy viser hvorfor han er en av Norges mest respekterte rappere». Det blir også vist gjennom samarbeid mellom anna med Cezinando, Angelo Reira, Store P, Onkel P, Moggger, 612.                                                                                       

På LitFestMini deler han energien sin med små og store barn!

Del Innhald