Skip to the content

Dato: 11.02.2023

Tid: 17.30 - 18.30

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Fridom og litteratur i Midtausten

Med slagordet «kvinner, liv, fridom» krev folk eit nytt samfunn i Iran, eit samfunn der kvinner ikkje lenger blir rekna som andrerangs borgarar. Kva for rolle kan ulike former for litterære uttrykk – som poesi, journalistikk og bøker – spele for å skape endring? Og kan, og vil, kvinner i andre land i Midtausten følge dei iranske kvinnene i kampen for fridom?

Mai Al-Nakib er forfattar og kulturpolitisk forskar frå Kuwait, Ece Temelkuran er politisk kommentator og romanforfattar frå Tyrkia, Asieh Amini er poet og journalist frå Iran, busett i Noreg. Dei tre forfattarane møter litteraturvitar Kari Jegerstedt til samtale om kvinners liv og litteratur i Midtausten.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald