Skip to the content

Dato: 09.02.2023

Tid: 16.15 - 17.15

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Fotball, makt og avmakt

På fotballbanen blir aggresjon straffa med gult eller raudt kort. Men korleis kan vi straffe det ulovlege som skjer utanfor banen? Når LitFestBergen går av stabelen, er VM i Qatar over, eit VM som har vore sterkt kritisert for korrupsjon og brot på menneskerettar. Land som Russland, Saudi-Arabia og Kina bruker fotball til politiske føremål. Sjeikar, golfstatar og andre pengesterke aktørar kjøper opp engelske fotballklubbar, og motivet kan vere sportsvasking. Også mot norsk fotball kjem det skuldingar om sportsvasking. Fortvilte fans føler seg makteslause. Kva skal vi gjere?

Nils Henrik Smith har skrive boka Raseri og entusiasme. Tittelen oppsummerer kjenslene til mange fotballtilhengarar. Han møter sportsjournalist Philip McNulty til ein samtale leia av Henning Bergsvåg.

Etter samtalen, som vil vere på engelsk, blir det tid til spørsmål frå salen.

 

Del Innhald