
Dato: 11.02.2023
Tid: 12:00 - 12:40
Stad: Bergen Offentlige Bibliotek
Pris: Påmelding
Forelska i Feisbukk – teaterpremiere
Feisbukk er blitt den største og sterkaste bukken i heile Våtedalen. Ja, i heile verda! Geitene er heilt ville etter han, men han går berre og traskar for seg sjølv.
Han bryr seg ikkje lenger om å stange med Smørbukk og dei andre bukkane. - Kva er det med deg? spør Smørbukk. - Veit ikkje! svarer Feisbukk. For Feisbukk byrjar å kjenne noko nytt inni seg. Så han går enda lenger vekk frå flokken. Han klatrar opp til toppen av Tindefjellet for han er nøydd til å passe på sola, vinden og regnet. Er han berre verdas største tullebukk, eller kan det vere noko anna som plagar Feisbukk?
Forelska i Feisbukk er ei forestilling bygd på bildeboka med samme navn, av Hans Sande og Per Dybvig.
REGI: OLE HENRIK RISØY SOLHEIM
SONGTEKSTER: HANS SANDE
KOSTYMEDESIGN: JULIE KEYSER
SCENOGRAFI: JULIE KEYSER & JAKOB HELGHEIM
DRAMATISERING: OLE HENRIK RISØY SOLHEIM & HANS SANDE
SKODESPELARAR: OLE HENRIK RISØY SOLHEIM & JAKOB HELGHEIM
Framsyninga passar for barn 4–10+ ÅR