Skip to the content

Dato: 09.02.2023

Tid: 17.15 - 18.45

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Filmframsyning: Forfattaren frå landet utan bokhandlar

Ekvatorial-Guinea har den lengstsittande presidenten i verda. Teodoro Obiang har vore president sidan han kom til makta ved statskupp i 1979. Det vestafrikanske landet blir omtalt som det mest lukka på det afrikanske kontinentet, med marerittaktige fengselsforhold og ein knapt eksisterande opposisjon. Korleis er det å vere forfattar i eit slikt land? Og kva får ein forfattar til å våge å ofre alt – også sitt eige liv – for å protestere mot eit slikt styresett?

Forfattaren Juan Tomás Ávila Laurel bestemmer seg for å besøke heimlandet han flykta frå, trass faren for eiga sikkerheit. LitFestBergen viser dokumentaren The Writer from a Country Without Bookstores, regissert av Marc Serena, som følgde forfattaren på den farefulle ferda heim.

Del Innhald