Skip to the content

Dato: 11.02.2023

Tid: 14.00 - 14.45

Stad: Alver

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Eit rasande oppgjer

I Kathrine Nedrejord sin siste roman Forbryter og straff, omtalt som ein rasande monolog av ein tekst, møter vi ein forfattar som venter på at rettssaka mot mannen som valdtok ho, skal komme opp. Kven er denne mannen? Kvifor gjorde han det? Ho blir besett av han, og ho blir besett av å skrive om han. Ho prøver å finne ut kven han er, og kva han tenkte då han overfall ho. Og kva med hennar straff, som han har påført ho – at ho må leve med traumet, redsla og raseriet?

Nedrejord blir intervjua av Teresa Grøtan.

Del Innhald