Skip to the content

Dato: 09.02.2023

Tid: 15.15 - 16.00

Stad: Auditoriet

Pris: 190/80 (student)

Kjøp Billettar

Det amerikanske marerittet [utseld]

Thomas Seltzer er ein amerikanar med røter på prærien i Kansas og Texas, og budde der med sin norske mor og amerikanske far dei første seks åra av livet. Då dei flytta til Noreg, sakna han Amerika, drøymde om Amerika, elska Amerika. Uroa dei siste åra, etter valet av president Trump og storminga av kongressen 6. januar 2021, har gjort Thomas Seltzer ulykkeleg og bekymra for heimlandet sitt. Kvifor er det sånn at den amerikanske draumen no er blitt eit mareritt?

I boka Amerikansk karmageddon: Tanker om mitt fordømte fedreland lar Seltzer oss bli kjend med si eiga familiehistorie, og med det, USA si historie. Han møter USA-kjennar og manusforfattar Gjermund Stenberg Eriksen til diskusjon om kvifor landet er blitt som det er blitt.

Del Innhald