Skip to the content
Foto: Venstre

Dato: 10.02.2022

Tid: 16.00 - 16.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Utan skuld

Abid Raja er stortingsrepresentant og andre nestleiar i Venstre. Han var kulturminister i Erna Solberg si regjering – ein kulturminister som ikkje var redd for å ta plass eller vere synleg, og han blei skulda for å vere både dominerande og brautande. At han i mange år skjulte sider av seg sjølv, var det ikkje så mange som visste før boka hans Min skyld kom ut hausten 2021. I boka fortel han historia om korleis han i oppveksten måtte skjule smerter, sjukdom, mobbing, vald og ikkje minst kjærleiken til ho som seinare blei kona hans. Boka fortel om energien hans, og det sterke ønsket han hadde om å endre livsvegen sin, og om kor vanskeleg det kan vere å bryte opp, sjølv når ein veit at ein må.

Professor i journalistikk og mediefag ved OsloMet, Kristin Skare Orgeret er samtaleleiar.

Del Innhald