Abid Raja

Foto: Venstre
Abid Raja (f. 1975, Noreg) er Venstre-politikar, jurist og forfattar. Han er stortingsrepresentant for Akershus og var kultur- og likestillingsminister i Solberg-regjeringa. I 2021 fekk han Bokhandlerprisen for den sjølvbiografiske boka Min skyld. En historie om frigjøring. Raja står bak dialogmøta og tenketanken MinoTenk, og har lenge engasjert seg for integrering og gode kår for innvandrarar. I 2010 blei han tildelt Fritt Ord-prisen for arbeidet. Raja har tidlegare skrive sjølvbiografien Talsmann (2008) og Dialog. Om vold, undertrykkelse og ekstremisme (2010).