Skip to the content

Dato: 11.02.2022

Tid: 20:30 - 22:00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Poetisk punkgalla

Frå stygt og rasande, mollstemt og dystert, til begeistra og lovprisande – poesien rommar alle ytterpunkta i det menneskelege tilværet. Seks poetar møtest denne kvelden i ei lyrisk verd utanfor kartet. Kveldens topograf er omsettar og diktelskar Eira Søyseth

Vi har med oss Kathleen Jamie, Skottlands fjerde nasjonalpoet (makar). Ho skriv om natur, kultur og landskap, og som diktar er ho særleg kjend for dei prisvinnande samlingane The Tree House og The OverhaulToronto-baserte Britta B. har utmerka seg som ei viktig stemme innan spoken word, og i 2021 fekk ho Toronto Arts Foundation Emerging Artist Award. Nils-Øivind Haagensen er aktuell med boka Sangria i parkenI 2020 gav han ut diktsamlinga Det uregjerlige, og han har tidlegare blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris for samlinga God morgen og god natt. Den allsidige forfattaren Stig Holmås gav ut diktsamlinga Innom i 2019. Han debuterte som lyrikar i 1970 med den politisk engasjerte Vi er mange. Irakiske Selma M. Yonus kom til Stavanger som fribyforfattar i 2009. Ho har gitt ut tre diktsamlingar på arabisk. I år debuterte ho på norsk med Vuggesang for liten kriger. Nederlandske Ilja Leonard Pfeijffer bur i Genova. Han arbeider innan fleire sjangrar, har gitt ut ei rekke diktsamlingar, og er ein av Nederlands mest profilerte poetar.

Del Innhald