Skip to the content
Wikimedia Commons

Dato: 10.02.2022

Tid: 14.00 - 15.00

Stad: Olav H. Hauge

Pris: Gratis

Kjøp Billettar

Morsmål og metaforar. Ein samtale om språk og litteratur i tre ulike land

Sidan midten av 1990-tallet har meir enn åtti forfattarar og kunstnarar komme til Noreg gjennom fribyordninga, eit nettverk av byar som gir vern til forfattarar, journalistar og kunstnarar som er blitt forfølgde i heimlandet på grunn av arbeidet sitt. Fribyforfattarane og ‑kunstnarane i Noreg kjem frå over tjue ulike land og utgjer ei ueinsarta gruppe som skriv på ei rekke språk og innan fleire sjangrar; dei er romanforfattarar, sakprosaforfattarar, dramatikarar, poetar, redaktørar, omsettarar, forleggarar, journalistar med meir. Tre fribyforfattarar møtest her til ein samtale om litteratur og språk i landa dei opphavleg kjem frå. Har metaforane dei brukar i morsmålet, blitt med dei til Noreg?

Deltakarane er Selma M. Yonus (poet og journalist frå Irak, morsmål arabisk), Fatemeh Ekhtesari (poet, kunstnar og jordmor frå Iran, morsmål persisk) og Abduweli Ayup (lingvist, poet og morsmålaktivist frå Kina/Øst-Turkestan, morsmål uigur). Samtaleleiar er Hege Newth, generalsekretær i Norsk PEN.

I samarbeid med Norsk PEN og Bergen offentlege bibliotek / friby Bergen. Samtalen er på engelsk.

Samtalen blir også strøyma. Følg denne lenka for å sjå på YouTube.

Del Innhald