Skip to the content

Dato: 11.02.2022

Tid: 18.00 - 18.45

Stad: Alver

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Meeting of the Minds: Festivalspesial med Britta B.

Poet, kunstnar og konferansier Britta B. har markert seg som ei viktig og spennande stemme i Canada. Verka hennar er å finne på scenar, på trykk og i form av lydinstallasjonar, og i 2021 fekk ho Toronto Arts Foundation Emerging Artist Award

LitFestBergen arrangerer i år NM-finalen i slampoesi, eit medrivande og inkluderande poetisk uttrykk som Britta B. har mykje erfaring med. Kva er eigentleg slampoesi, og korleis oppstod han? Dette og mykje meir vil samtalepartnar Doriansgrave, alias Michael W. Opara, få svar på.

Meeting of the Minds byrja som ein open samtale om rasisme i Noreg. Sidan 2020 har Michael W. Opara invitert ei rekke inspirerande gjester til Litteraturhuset i Bergen, til uformelle diskusjonar og utvekslingar kring kreativitet, kunst, lidenskap og livet. 

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald