Michael W. Opara
Michael W. Opara (f. Nigeria), også kjend som Doriansgrave, er ein spoken word-artist og musikar busett i Bergen.
Etter å ha studert kjemi gjekk han over til kunstfeltet, og har vore ein viktig del av spoken word-miljøet i Bergen dei siste åra. Han er grunnleggar av Slam Poetry Bergen, og held regelmessige arrangement for å promotere lokale og internasjonale slam-poetar og spoken word-artistar.
Doriansgrave er også ein anerkjend undergrunns hip hop-musikar.
Opara har ansvar for programserien Meeting of the Minds på Litteraturhuset i Bergen.