Michael Opara
Michael Opara (f. Nigeria), også kjend som Doriansgrave, er ein spoken word-artist og musikar busett i Bergen.
Etter å ha studert kjemi gjekk han over til kunstfeltet, der han har vore ein viktig del av spoken word-miljøet i Bergen dei siste åra. Han er grunnleggar av Slam Poetry Bergen, og held regelmessige arrangement for å promotere lokale og internasjonale slam-poetar og spoken word-artistar.
Han er også ein anerkjend undergrunns hip hop-musikar, som opptrer som Doriansgrave. Han skildrar seg sjølv som ein artist som «minimalizes the instruments and turns up the volume of the text». Han lagar ein fragmentert og eksperimentell form for hip hop, som står i motsetnad til dei meir kommersielle uttrykka.