Skip to the content

Dato: 13.02.2022

Tid: 14.30 - 15.15

Stad: Alver

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Med kalkstøv på hendene: Om kvinner og styrketrening

I dag er styrketrening ei sjølvsagd treningsform for kvinner. Men slik har det ikkje alltid vore. Fram til ganske nyleg var denne sysselen eit tabuemne, og dersom han skulle utførast, skulle det helst ikkje skje utanfor heimen. Boka Knäböj er ei forteljing om kvinner og styrketrening. Ho handlar om korleis kvinner har vore motarbeidde og mistenkeleggjorde når det gjeld å bygge kroppen sin og å løfte tungt. Med inspirasjon frå skjønlitteratur og forsking skriv journalisten Sara Martinsson personleg og kunnskapsrikt om den kvinnelege styrketreningas idéhistorie, og alt frå muskelkvinner på 1800-talet til dagens treningsinfluensarar. Ho blir intervjua av forfattaren Sandra Lillebø, som sjølv veit eitt og anna om styrketrening.

 

 

Del Innhald