
Dato: 11.02.2022
Tid: 17:00 - 17:45
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 160/80 (student)
Frå elden til oska
Artisten, forfattaren, journalisten og dramatikaren Madame Nielsen kom i fjor med romanen Lamento, som er siste bok i den såkalla kjærleikstrilogien, etter Den endeløse sommeren (2015) og Det høyeste vesen (2017).
Eit ungt par slepp så vidt unna ein brann dei sjølve er delvis ansvarlege for å ha tent på. Vi følger paret frå intens lidenskap fram til forholdet ligg i oske, i ei historie fortalt av eit kvinneleg eg, mange år etter.
Madame Nielsen har tidlegare vore kjend under ei rekke namn, som alle har ei fortid som forfattaren Claus Beck-Nielsen.
Madame Nielsen møter Ida Lødemel Tvedt til samtale om forfattarskapet.