Skip to the content
}

Madame Nielsen

Foto: Madame Nielsen

Madame Nielsen (f. 1963, Danmark) er forfattar, musikar og multikunstnar. 

I 2021 kom romanen Lamento, siste bind i ein kjærleikstrilogi som starta med rekviemromanen Den endeløse sommeren i 2015. Den kritikarroste og utforskande forfattarskapen inkluderer også skrekkromanen The Monster frå 2019.

Kunstnar- og forfattarstemma har opphav i tidlegare identitetar og namn som Das Beckwerk og Helge Billie, og det heile starta med den anerkjende dramatikaren Claus Beck-Nielsen. Madame Nielsen starta som performancekunstnar i 2000 og har i alt vist seg som ein mangfaldig, overraskande og utfordrande kunstnar innan skjønnlitteratur, musikk, teater, performancekunst, video og foto, politisk aktivisme og meir. 

 

Del Innhald