
Dato: 13.02.2022
Tid: 12:00 - 12:45
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 160/80 (student)
Det orkanen kvervlar opp
I orkanens skygge er ei fleirstemt forteljing som sirklar rundt drapet på ei lokal «heks» på den meksikanske landsbygda. Forfattar og journalist Fernanda Melchor skriv medrivande og observant om dynamikkar og friksjonar i det meksikanske samfunnet. Med eit nysgjerrig blikk utforskar ho støvete gater og urolege landsbyar prega av vald, sexisme, narkotika, mytar og begjær.
Romanen blei ein samtidsklassikar i Mexico, fekk fleire prisar i Tyskland og blei kortlista til The International Booker Prize i 2020. Melchor blei heidra med PEN Mexico Award for Literary and Journalistic Excellence i 2018.
I orkanens skygge kom ut på norsk i 2021, og no kan du møte Melchor i samtale med Daniel Medin, litteraturprofessor ved det amerikanske universitetet i Paris.
Samtalen vil vere på engelsk.