Karolina Drozdowska
Karolina Drozdowska (f. 1985, Polen) er ein polsk omsettar og universitetslektor.
I 2014 tok ho doktorgrad om Jens Bjørneboe sitt episke teater. Ho har omsett norsk litteratur sidan 2008, med over 90 omsettingar totalt. Blant desse finn vi forfattarar som Nina Lykke, Anne B. Ragde, Jørn Lier Horst og Lars Mytting. I tillegg til å vere omsettar, jobbar ho som førsteamanuensis på Institutt for skandinaviske og finske studiar ved Universitetet i Gdansk.