Skip to the content

Dato: 12.02.2022

Tid: 17.45 - 18.30

Stad: Olav H. Hauge

Pris: 160/80 (student)

Kjøp Billettar

Med omsettaren på scenen

Korleis er det for ein forfattar å få eigne ord omsette til eit anna språk, og korleis kan ein stole på at omsettaren har oppfatta nyansane? Korleis er det å omsette andre sine ord utan å gjere dei til sine eigne, men ta vare på forfattaren sitt særpreg? 

Nina Lykke sine to prislønte romanar Nei og atter nei (2016) og Full spredning (2019) har begge blitt omsette til polsk av Karolina Drozdowska. Drozdowska har omsett ei rekke norske bøker til polsk og kan seie noko om kva som skjer når dei norske orda blir polske. Forfattar og omsettar møtest til samtale med dagleg leiar i Pelikanen forlag, Eirik Bø

I samarbeid med NORLA.

Del Innhald