
Dato: 13.02.2021
Tid: 17.00 - 18.00
Stad: Auditoriet
Pris: 180/80 (student)/40 (strøyming)
Nordisk vinnarmøte
LitFestBergen inviterer til møte med vinnaren av Nordisk råds litteraturpris 2020, Monika Fagerholm frå Finland og vinnarane av Nordisk råds barne- og ungdomsbokpris, finske Jenny Lucander og svenske Jens Mattsson. Begge vinnarbøkene undersøker vonde, menneskelege erfaringar. Barneboka Vi är lajon! handlar om alvorleg sjukdom, mens Vem dödade bambi? tar utgangspunkt i ein gruppevaldtekt. Korleis formidlar ein slikt stoff til ulike generasjonar lesarar? Kva er skilnaden på å skrive for vaksne og for barn? Og finst det ein nordisk, litterær fellesskap? Samtalen blir leia av kritikar Jan H. Landro.
I samarbeid med sekretariatet for Nordisk råds litteraturpriser.