Skip to the content

Dato: 14.02.2021

Tid: 20.00 - 00.00

Stad: Youtube

I am Dog – filmen

Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen har vi ikkje moglegheit til å ha publikum i Auditoriet. Dei som har kjøpt billettar vil få dei refundert. Strøymebillettar er tilgjengelege på ticketco.no (følg billettlenka).

I am Dog er avslutningsframsyninga på LitFestBergen 2021. Frå klokka 20.00 til midnatt, søndag kveld, vil ein filmversjon vere tilgjengeleg på YouTube.

«I am Dog» er ei framsyning i tekst, bilete, lys og lyd skapt av Alwynne Pritchard i samarbeid med Domizia Tosatto. «I am Dog» er ei historie fortald gjennom samspelet mellom ei jente som heiter Willa og vennen hennar Dog. Willa og Dog lever i ei isolert verd. Dei to er leikne og vittige, nokre gonger heltemodige og ofte vondskapsfulle. Historia om Willa og Dog kan tolkast som ein indre monolog – to ulike sider av éin og same person – eller rett og slett som narrestrekane til to unge individ som saman utforskar verda og livet. Lysdesign ved Baptiste Deyrail.  

«I am Dog» passar for alle aldre.

 

Del Innhald