
Dato: 14.02.2021
Tid: 14.15 - 15.15
Stad: Auditoriet
Pris: 180/80 (student)/40 (strøyming)
Humoren deler vi
Dei to bergensbusette forfattarane Gunnhild Øyehaug og Olaug Nilssen debuterte begge i 1998, Øyehaug med diktsamlinga Slaven av blåbæret og Nilssen med romanen Innestengt i udyr. Dei, som av mange blei satt i same «vestlands-nynorsk-kvinne»-bås, har kjent kvarandre halve livet og følgt kvarandre sin forfattarskap tett. Med bøkene i haust, Nilssens Yt etter evne, få etter behov og Øyehaugs Vonde blomar, stadfestar dei begge ein sentral posisjon i det norske litterære landskapet. Men kva har dei til felles, og kva skil dei?
Korleis utviklar ein forfattarskap seg? Er det litteraturen ein les, omskiftingar i livet, samfunnssyn, eller er det noko som «berre skjer»? Nilssen og Øyehaug møter forfattarkollega Eivind Riise Hauge til samtale om kva som påverkar den litterære vegen ein vel å gå.