Olaug Nilssen
Olaug Nilssen (f. 1977, Noreg) er forfattar busett i Bergen. Ho fekk sitt gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005.
Seinare har Nilssen skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei viktig stemme i norsk litteratur og samfunnsdebatt. Ho har òg vore aktiv i tidsskriftet Vagant, og redaktør for tidsskriftet Kraftsentrum.
I romanen Tung tids tale (2017) fortel ho om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. For denne boka blei ho tildelt både Brageprisen og Nynorsk litteraturpris.
Hausten 2020 ga ho ut Yt etter evne, få etter behov, som blei nominert til Brageprisen.