Skip to the content
}

Ole Jacob Madsen

Ole Jacob Madsen (f. 1978, Noreg) er utdanna psykolog og filosof, og jobbar som professor i kultur- og samfunnspsykologi ved Psykologisk institutt, Universitetet i Oslo.

Han har i eit tiår jamleg skrive kronikkar og essays for allmenta og deltatt i offentlege debattar der psykologi kjem i kontakt med store spørsmål i samtida, det vere seg kva som feilar dei unge, livsmeistring, psykologisering, kosmetisk kirurgi, sjølvhjelp, individualisme, nyliberalisme, seinkapitalisme, identitet og miljø og klima. 

Han har gitt ut fleire bøker, blant anna Det er innover vi må gå (2014), Generasjon prestasjon – Hva er det som feiler oss? (2015), og Livsmestring på timeplanen (2020).

Del Innhald