Skip to the content

Dato: 14.02.2021

Tid: 16.15 - 17.00

Stad: Olav H. Hauge

Prosalong: Generasjon livsmeistring

Med bøker som Den terapeutiske kultur, Generasjon prestasjon og den nyaste, Livsmestring på timeplanen – rett medisin for elevene? har filosof og psykolog Ole Jacob Madsen i fleire år tatt del i debatten rundt psykologiseringa av samfunnet. 

Individualiserer psykologien det som eigentleg er strukturelle problem, og er dette med på å gjere menneske sjuke i staden for å gi innsikt som kan endre samfunnet? Er livsmeistring rett medisin for skoleelevar som no skal ha det inn i alle fag? Og kva er eigentleg «generasjon prestasjon»? Møt forfatteren i samtale med Grethe Fatima Syéd

I samarbeid med NFFO.

Arrangementet blir strøyma til YouTube.

Del Innhald