Skip to the content
}

Margunn Vikingstad

Privat

Margunn Vikingstad (f. 1971, Noreg) er litteraturkritikar og omsettar. Ho har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo.

Vikingstad var litteraturkritikar i Dag og Tid frå 2001 til 2013, og har sidan 2013 vore knytt til Morgenbladet som litteraturkritikar. Dei seinare åra har ho kombinert kritikar-verksemda med omsetting av skjønnlitteratur. Omsettinga hennar av Gustave Flauberts Madame Bovary blei nominert til Kritikarprisen for beste omsetting i 2018 og til Bastianprisen 2018.

Den siste utgivinga hennar er ei omsetting av Joseph Ponthus Linjeskift. I tillegg til virket som litteraturkritikar, arbeider Vikingstad ved Litteraturhuset i Bergen som programrådgivar.

Del Innhald