Skip to the content

Dato: 13.02.2021

Tid: 15.00 - 16.00

Stad: Youtube

Generasjonssamtale IV: Trufast eller fri? (digitalt)

Grunna dei nye smittevernreglane i Bergen har vi ikkje moglegheit til å ha publikum på Litteraturhuset. Dei som har kjøpt billettar vil få dei refundert.

Dette arrangementet kan du sjå gratis på YouTube.

Synet på omsetting har forandra seg gjennom tidene. I grove trekk har det veksla mellom ytterpunkta «trufast» og «fri»: Den trufaste omsettinga ligg nærast originalteksten, medan den frie er mest tilpassa språket og kulturen den skal fungere i.

Det har kanskje ikkje vore eit ideologisk paradigmeskifte i løpet av den knappe generasjonen mellom Toril Hanssens og Preben Jordals debutar som skjønnlitterære omsettarar, høvesvis i 1988 og 2007. Men har dei teknologiske endringane i samfunnet gjort noko med måten ein omsett på i dag, samanlikna med for 40 år sidan? Og i kva grad endrar ideala til ein omsettar seg over tid? Toril Hansen og Preben Jordal diskuterer omsetting før og no med kritikar og omsettar Margunn Vikingstad.

I samarbeid med Norsk Oversetterforening

Del Innhald