Skip to the content
}

Margunn Vikingstad

Privat

Margunn Vikingstad (f. 1971, Noreg) er litteraturkritikar og omsettar. Ho har hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo.

Vikingstad var litteraturkritikar i Dag og Tid frå 2001 til 2013 og har sidan 2013 vore tilknytt Morgenbladet som litteraturkritikar. Dei seinare åra har ho kombinert kritikarverksemda med omsetting av skjønnlitteratur. I 2018 blei omsettinga hennar av Gustave Flauberts Madame Bovary nominert til Bastianprisen og til Kritikarprisen for beste omsetting. Hausten 2023 kom hennar omsetting av Marcel Prousts Swanns kjærleik ut.

I 2021 gav ho ut essaysamlinga Rapportar frå randsonene.

Vikingstad arbeider også ved Litteraturhuset i Bergen som programrådgivar.

Del Innhald