Dato: 07.02.2020
Tid: 17.15 - 18.15
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 150
Den vanskelege forsoninga
Arbeidet med sannings- og forsoningskommisjonen for samane, kvenane og norskfinnane er i gang. I Sør-Afrika valde dei òg ein sannings- og forsoningskommisjon etter apartheid, framfor å nytte domstolane.
Kva skal eigentleg til for å gjenreise tillit mellom folk etter hundreår med konflikt og undertrykking? Og kva rolle kan litteraturen spele i ein slik prosess?
Harald Gaski, professor i samisk kultur og litteratur, og Njabulo Ndebele, sørafrikansk litteraturprofessor og leiar for Nelson Mandela Foundation, møtest til samtale om jussen og kunsten si rolle i forsoningsarbeidet. Samtalen blir leia av medieprofessor Kristin Skare Orgeret.
Engelsk samtale.