Skip to the content
}

Njabulo Ndebele

Njabulo Ndebele (f. 1948, Sør-Afrika) er forfattar, akademikar og blir rekna som ein av dei viktigaste intellektuelle i Sør-Afrika.

Ndebele er styreleiar i Nelson Mandela Foundation, og chancellor ved University of Johannesburg.

I 1983 debuterte han med novellesamlinga Fools and Other Stories, som han mottok Noma-prisen for beste bok publisert i Afrika. Ndebele er også ein anerkjend essayist. Av The Guardian blir verka hans skildra som karakteristiske for si «innovative, hybride form». Romanen The Cry of Winnie Mandela blir av mange rekna som eitt av dei viktigaste litterære verka i Sør-Afrika etter apartheid.

Ndebele leia The Congress of South African Writers i mange år, og i løpet av si akademiske karriere har han mellom anna vore rektor ved både University of the North (noverande University of Limpopo) og University of Cape Town.

A work of extraordinary originality [and] imaginative power.

Nadine Gordimer on The Cry of Winnie Mandela

[Ndebele] is a witness, not of a moment of present history but of an extended period of time. And he convinces us of the genuineness of his vision in everything he writes.

Frank Tuohy, New York Times on Fools and Other Stories
Del Innhald