Skip to the content
Verity Fitzgerald

Dato: 06.02.2020

Tid: 20.30 - 21.15

Stad: Auditoriet

Pris: 150

Kjøp Billettar

Ein kvardag etter valden

For å skape politisk relevant litteratur, må forfattaren vere merksam på nyansane i vanlege menneskes liv, ifølge Njabulo Ndebele. Hans sjangeroverskridande roman The Cry of Winnie Mandela blir rekna som ei av dei viktigaste bøkene etter apartheids fall. Den fortel historia til fire “vanlege” svarte kvinner, og ei uvanleg: Winnie Mandela, og stiller spørsmålet: Kan Sør-Afrika vere ein heim etter all valden, eksilet, øydeleggingane? 

Festivalhelga 6.–9. februar er det nøyaktig 30 år sidan Mandela slapp ut av fengselet. Ndebele møter litteraturforskar Tonje Vold til ein samtale om å skape ein kvardag i samfunnet og litteraturen etter apartheid.

Samtalen vil vere på engelsk.

Del Innhald