Dato: 15.02.2019
Tid: 13.00 - 15.00
Stad: Alver
Seminar om fransk litteratur og kritikk
Den franske samtidslitteraturen gjer seg stadig gjeldande i norsk offentlegheit med utgivingar som vekkjer merksemd og debatt. Men korleis ser den franske litteraturoffentlegheita ut frå innsida? Vi har invitert Le Monde-kritikar Raphaëlle Leyris til Bergen for å gi oss eit lite innblikk.
Program:
13.00-13.45: Kva skjer i fransk samtidslitteratur?
Pause
14.00-14.45: Tradisjon og fornying. Om fransk litteraturkritikk før og no.
Det vil bli sett av tid til diskusjon og spørsmål frå salen.
Seminaret blir arrangert i samarbeid med Institut Francais.
Seminaret er på engelsk, gratis og ope for alle. Kritikarar kan reservere plass ved å ta kontakt med festivaladministrasjonen.