
Dato: 16.02.2019
Tid: 14:30 - 15:30
Stad: Auditoriet
Pris: 130/90 (stud.)
Poesien som fengar millionar
Hissa Hilal frå Saudi-Arabia blei kjent over heile verda då ho som den første kvinna nokon gong nådde finalen i det Abu Dhabi-baserte TV-programmet Million´s Poet. Talentkonkurransen der deltakarane framfører eigen poesi har blitt kalla Midtaustens svar på Idol, og har trekt fleire titals millionar menneske til TV-skjermane.
Hissa Hilal møter forfattar, omsetjar og professor i arabisk ved Cambridge University, James E. Montgomery, til ein samtale om tradisjonell, arabisk poesi og rolla den har i arabisk samfunnsliv og populærkultur.
Samtalen vil vere på engelsk.
130/90,- (stud.)
Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.