
Foto: Hermance Triay, Enviar Esta
Dato: 14.02.2019
Tid: 21:00 - 21:45
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 130/90 (stud.)
Minne om vald
Kva skjer med trauma når ein skildrar dei i litteraturen? Colombianske Juan Gabriel Vásquez skriv romanar om korleis valden og narkokrigen i heimlandet Colombia pregar menneska, endrar relasjonar og påverkar dei kollektive og individuelle minna.
Spanske Edurne Portela skriv om korleis kunsten, filmen og litteraturen kan hjelpe menneska i å konfrontere si valdelege historie. Ho møter Vásquez til ein samtale om livet, valden og litteraturen.
Samtalen vil vere på engelsk.
130/90,- (stud.)
Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.