Skip to the content
Private

Dato: 16.02.2019

Tid: 20.00 - 20.45

Stad: Olav H. Hauge

Pris: Heilhusbillett 250/190,– (stud)

Kjøp Billettar

Kunsten som endrar livet

Kjærleik, kjønnsidentitet og frigjering: Det er ikkje små tema Rupert Thomson tek opp i sin nyaste roman Never anyone but you, som er ei fiksjonalisert framstilling av liva til dei franske surrealistane Claude Cahun og Marcel Moore under den tyske okkupasjonen. Både som livspartnarar og som kunstnarar utfordra dei to førestillingane om kva kvinner, kunst og kjærleik kan vere.

Thomson møter Mona B. Riise til ein samtale om liv, skrift og sjølvframstilling.

Samtalen vil vere på engelsk.

Heilhusbillett 250/190,– (stud)

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald