Skip to the content
}

Mona B. Riise

Mona B. Riise (f. 1972, Noreg) er journalist og programleiar på TV og radio. Ho er utdanna frå Universitet i Oslo, med litteratur, medium og kommunikasjon i fagkretsen.

Riise har lang fartstid som reporter og programleiar for musikk og kulturprogram på NRK, blant anna Lydverket, og har i mange år sete i ekspertpanelet til NRK-programmet Stjernekamp.

I 2018 gav ho ut Norsk pop-poesi, ei samling poetiske høgdepunkt frå norsk pop, rock og rap, der ho også har snakka med tekstforfattarar om prosessen bak låtsuksessane.

Del Innhald