![](/media/1247/kunsten-a-vere-annleis_foto-wise-woman-disappears-nell-irvin-painter.jpg?anchor=center&mode=crop&width=800&height=600&rnd=131898877570000000)
Dato: 17.02.2019
Tid: 12.00 - 12.45
Stad: Alver
Pris: 100/70,- (stud.)
Kunsten å vere annleis
Då Nell Irvin Painter gjekk av med som pensjon som historieprofessor på Princeton, byrja ho studere kunst. Denne erfaringa; å vere ei kvinne med eit langt liv bak seg midt i eit miljø av unge kreative, har ho skrive om i boka Old in Art School. Også Jan Grue har skildra korleis det er å vere nesten – men berre nesten – akkurat som alle andre. I Jeg lever et liv som ligner deres skriv han om å vere akademikar, forfattar og rullestolbrukar.
Dei to møtest til ein samtale om kropp, kunst og identitet. Samtalen blir leia av professor emeritus i litteraturvitskap, Per Buvik.
Samtalen vil vere på engelsk.
Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.