Dato: 14.02.2019
Tid: 20.00 - 20.45
Stad: Olav H. Hauge
Pris: 100/70 (stud.)
Havet og kjærleiken
At dei veldige verdshava har vore kjelde til mykje av verdslitteraturen, er ikkje til å undrast over. Meir enn sytti prosent av jordas overflate er dekka av salt vatn, og i djupa under dette ligg store delar av klodens løyndommar framleis skjult.
Den franske forfattaren og tidlegare Goncourtprisvinnaren Yann Queffélec har skrive ei Kjærleg ordbok om havet, som er blitt varmt motteke i heimlandet. Han møter Per Anders Todal, forfattar av den kritikerroste boka Havlandet, til samtale om korleis havet skaper myter, identitet – og av og til stor litteratur. Samtalen blir leia av kritikar Margunn Vikingstad.
Samtalen vil vere på engelsk.
100/70,- (stud.)
Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.