Skip to the content
Vida y ficción

Dato: 17.02.2019

Tid: 11.30 - 12.45

Stad: Auditoriet

Pris: 70/50,– (stud.)

Kjøp Billettar

FILM: Vida y ficción

Kvifor fortset vi å skrive når verda er som den er? Dette var spørsmålet dei spanske regissørane Edurne Portela og José Ovejero stilte ei rekkje kjende forfattarar som bur i Spania eller har ein relasjon til landet, mellom dei colombianske Juan Gabriel Vásquez som deltek på LittfestBergen.

Vida y ficción (Livet og fiksjonen) inviterer tilskodaren til å reflektere over grunnleggande spørsmål som blir skildra i litteraturen: liv og død, smerte og kropp, minne og historie. Dokumentaren er ein djup og samstundes humoristisk film om den spanskspråklege samtidslitteraturen.

Dei to regissørane innleiar kort til filmen.

Merk: Filmen er på spansk og ikkje teksta.

Om du legg fem eller fleire billettar til LittfestBergen-arrangement i handlekorga og betalar for dei samtidig, får du automatisk 20 prosent rabatt.

Del Innhald