Trond-Viggo Torgersen
Trond-Viggo Torgersen (f. 1954, Noreg) er programleiar, forfattar, artist og lege. Han har jobba frilans for NRK sidan 1975, og er mellom anna kjent frå programma Halv sju, Kroppen og Nesten voksen, saman med fleire seriar i Barne-TV med Flode.
Torgersen har vore barneombod, programsjef for NRK 2 og programskapar i Underholdningsavdelingen i NRK. Han har gitt ut ei rekke bøker og plater, og har mellom anna vunne Spellemannprisen for beste barneplate. Med sin lune humor er han blant landets mest folkekjære artistar. Torgersen underviser også i pasientkontakt ved Universitetet i Bergen.