Skip to the content
}

Cecilie Løveid

Cecilie Løveid (født 1951, Noreg) er forfattar og lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Frå 1999–2011 var ho busett i København, men ho bur no i Bergen. Løveids forfattarskap er svært rikt og omfattar verk innan fleire sjangrar. Ho debuterte med romanen Most i 1972, og har sidan skrive både prosa, lyrikk, og dramatikk.

Løveid er ein av våre mest spelte samtidsdramatikarar, og blir rekna som ein av dei store lyrikarane i norsk litteratur. Ho har mottatt Ibsenprisen tre gonger, og ei rekke andre litterære prisar.

Hennar siste bok Vandreutstillinger (2017) er ei samling dikt om kunst og kunstnarar, deira liv eller verk. For denne boka fekk Løveid både Kritikerprisen og Brageprisen.

Del Innhald