Skip to the content
}

Cecilie Løveid

Cecilie Løveid (f. 1951, Noreg) er ein prisvinnande forfattar og ein av våre mest spelte samtidsdramatikarar. 

Frå 1999–2011 var ho busett i København, men ho bur no i Bergen. Løveid sin forfattarskap er svært rik, og omfattar verk innan fleire sjangrar. Ho debuterte med romanen Most i 1972, og har sidan skrive både prosa, lyrikk, og dramatikk.

Løveid blir rekna som ein av dei store lyrikarane i norsk litteratur. 

Diktsamlinga Vandreutstillinger (2017) om kunst og kunstnarar sine liv og verk, sikra Løveid både Kritikerprisen og Brageprisen. Ho har fått Ibsenprisen tre gonger, og ei rekke andre litterære prisar.

I 2019 ga ho ut samlinga Dikt og tekster 1968–2000

Del Innhald