Skip to the content
Hélène Bamberger

Dato: 08.02.2020

Tid: 12.45 - 13.30

Stad: Alver

Pris: 150

Kjøp Billettar

Livet er overalt

I den nyaste romanen til franske Marie Darrieussecq, La mer à l’envers, reiser den kvinnelege protagonisten, ein psykolog i 40-åra, på cruise i Middelhavet. Ei natt plukkar skipet opp ein båt med flyktningar, og ho blir kjent med den unge nigerianaren Younes. Korleis kan ein vite om ein gjer det rette for seg sjølv og for andre? 

Forfattarskapen til Darrieussecq er mellom dei mest lesne i hennar generasjon. Sidan debuten i 1996 har ho skrive ei rekkje bøker i ulike sjangrar, frå det språkleg utforskande, via kunstnarromanar og bøker om kloning til essay om morskap. Ho møter kritikar og omsetjar Margunn Vikingstad til samtale om forfattarskapen.

Med støtte frå Institut francais de Norvège

Del Innhald