Marie Darrieussecq
Marie Darrieussecq (f. 1969, Frankrike) er ein prisvinnande fransk romanforfattar, med ein internasjonal lesarskare.
Hennar første roman, Pig Tales. A Novel of Lust and Transformation, blei antatt av forlaget på under 24 timar, og gjorde det seinare mulig for henne å slutte i stillinga som førelesar ved Universitetet i Lille, for å skrive bøker på fulltid. Debutromanen blei valgt ut som finalist til den mest prestisjefylte litteraturprisen i Frankrike, Prix Goncourt, og omsett til 24 språk.
To av Darrieussecq sine seinare romanar har også blitt nominerte til Prix Goncourt, og Il faut beaucoup des hommes vann i 2013 Médici-prisen.
Hennar seinaste utgjeving er Our Life in the Forest, som kom i engelsk omsetjing i 2019.